DAFF 07
Sunday, February 25th, 2007![]()
Hallo
Kva med daff 07? Eg er i Marburg og kan i grunn ikkje gjere so mykje. Eg kan gjere ferdig budsjettet og rapporten for daff06 kanskje. Men kva blir da av daff07. Kem kan gjere noke med den?! Vi er jo allereie seint ute med ä reklamere og skaffe filma!
Vi kan ikkje fä meir penga i frä Ung i Europa, eller Aktiv Ungdom somdet heiter no som ungdomsprosjekt med mindre festivalen blir endra drastisk, eller vi fär penga for ein anna del, eller anna vinkling av prosjektet. Og vi vil jo ikkje forandre for mykje. Det vi kan fä penga for er eit nettverksprosjekt.. vi kan koble festivalen sammen med andre festivala. Lage utveksling? Iallefall tett samarbeid med andre prosjekt.
Det har seg slik at her i Marburg er det ein filmfestival og, den er 14 är gammal og er for amatörfilma. Maks 30 minutt lange. Ein del av festivalen foregär i ruinane pä eit gammalt slott pä toppen av ein vulkan, der dei har sotte opp eit lerret og folk tar med seg liggeunderlag og grilling og har da kjekt medan dei ser filmar. Kvar film blir presentert av dei som laga den först, so blir filmen vist og det er moglegheit til ä spörre filmmakaren etterpä rundt filmen. Det er ikkje noko fokus pä godt teknisk arbeid, og filmane kan so vel handle om ingenting som ä ha ei djupare meining. Med andre ord det kan
virke som dei tek i mot eit like stort spektrum som DAFF gjer. Planen er ä koble festivalane sammen, vi kan ha overföring av video herifrä til dale og ifrä dale til marburg. Vi viser dei samme filmane, vi skiftar pä ä vere programleiar eller presentere filmane etter kvar dei som har laga filmane er henne. Om nokon som har laga ein film i Tyskland presenterer filmen sin viser vi det pä prosjektören i Dale, när ein norsk film blir presentert blir det sendt i frä Dale. I tillegg kan vi ha ein slags kommentator frä kvar festival pä den motsatte festivalen.
Det er ikkje so vanskeleg som ein skulle tru ä sende video over nettet slik, og eg veit at ein filmfestival i Tromsö kobla seg sammen med andre festivala i Noreg og dreiv med live sending.
Det er jo sjölvsagt litt risikabelt, men ikkje noke meir enn när nrk sende i frä washington.. trur eg.
Pä denne mäten utvidar vi DAFF, men vi held den fortsatt pä det amatörmessige niväet vi vil ha den pä. Dermed ikkje sagt at det ikkje bör ligge meir tanke bak ein amatörfilm slik som Oddmund seier, men at dei ikkje treng vere teknisk overlegne, laga profesjonelt.. eller fölge noken spesiell stil.. osv..
Men vi treng vel eigentleg nokre nye som kjem inn i festivalen, Jon Werede og Viljar for eksempel. Vi er jo ikkje so mykje i Dale lenger.
Eg tykkjer vi burde fortsette med daff. Men finne nye folk som kan hjelpe, eventuelt tek vi oss av det i frä der vi mätte vere i stor grad, men vi er nesten nödt ä ha nokon til ä gjere forbredingar i Dale litt för og. Og sjölv om kursa som vi hadde i fjor vart sukksess, i allefall det förste so trur eg det blir vanskeleg ä fortsette med dei i är.
Kva tykkjer däke? Om vi vil gjere noko i är so mä vi i gang no. Og hugs, vi har fortsatt ei evaluering igjen.
Svar her(nytt forum / ny registrering), og send gjerne vidare:
http://daff.no/forum/viewtopic
I tillegg er det no evaluering av DAFF 06 i daff forumet, registrer deg og eventuelt send meg ein epost so fär du og tilgang om du har noko du skulle ha sagt!
- gaute
Tags: video


